Garden Myklebust og gravhaugane

Kulturhistorisk landskap in Norway

Garden Myklebust har hatt busetnad frå jarnalderen. I vikingtida var han eit maktsentrum i Nordfjord, og det gamle tunet låg truleg der klyngjetunet på Myklebust ligg i dag. Tunet låg på ei lita høgde med utsyn over jorda og fjorden. Etter kvart som garden vart delt opp i fleire bruk, vart det bygd nye bygningar i tunet og jord og bygningsstruktur gav rammene for samarbeidet mellom bruka om oppgåver som vart løyste i fellesskap. Ved å samle bygningane til dei ulike bruka i eitt tun fekk ein òg teke vare på mest mogleg av jordbruksarealet til garden. Frå 1660 overtok presten Jens Bugge garden, og hans ætt eigde han fram til midt på 1800-talet. I denne tida vart garden delt opp i fleire bruk, slik at ved utskiftinga av garden i 1863 var det totalt åtte gardbrukarar i tunet. Etter utskiftinga vart bygningsstrukturen i tunet ein del endra og modernisert etter den tids byggje- og driftsmåte. Bygningsmassen i tuna på Myklebust i dag er i stor grad prega av sveitserstilen sin byggeskikk og nyare bygningar. Gravhaugane ligg sør for tunet. Til saman finn vi her gravhaugar frå heile yngre jern¬alder. Opphavleg var her fleire gravhaugar, men dei to gravhaugane Rundehågjen og Skjora¬tippen er mest synlege i dag. Dei arkeologiske utgravingane som har vore gjorde her, synte at gravene var særs rikt utstyrte. Arkeologane har, med bakgrunn i funna, vurdert at gravhaugane har høyrt til ei frams

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
61.91°N, 5.99°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.