Eidsgata og Tverrgata

Kulturhistorisk landskap in Norway

Med etableringa av eksersisplassen på Eid på 1600-talet voks tettstaden gradvis fram. Den eldre busetnaden er plassert langs Eidsgata, som gjekk parallelt med stranda, og langs Tverrgata, som kjem ned til fjorden frå garden Myklebust og kryssar Eidsgata. Delområdet er i nord avslutta av Eid kyrkje som dannar ein fondvegg i Eidsgata. I sør er det anlegget til garden Gjerde, noverande Yris hotell, som avsluttar området. Bygningsmiljøet i Eidsgata og Tverrgata vart sett opp frå 1860-talet og framover. Det omfattar i hovudsak eldre trehus og er blant dei best bevarte gatene i Sogn og Fjordane. Mange av husa her er flytta hit frå andre stadar i Eid og regionen rundt. Av den grunn kan tømmerkjernen vere vesentleg eldre enn det byggeåret huset vart sett opp på noverande stad. Bygningane i både Eidsgata og Tverrgata har hatt fleire funksjonar. Det vanlege var at husa vart brukte både til bustad og arbeidsstad. Forretningsdrifta i Eidsgata og Tverrgata dekka dei fleste behova folk hadde i ein yrande tettstad. Her var det skreddar, spinnebu, pensjonat, fleire bakeri, manufaktur¬butikk, skomakar, snikkar, smie, skysstasjon, skjenkestove og fengselsrom. Iglekona hadde nok eit av dei meir spesielle yrka som vart praktiserte her. I periodar var det svært mange soldatar stasjonerte på Nordfjordeid i samband med øvingane på eksersisplassen, og mange av huseigarane leigde ut rom til soldatane.

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
61.91°N, 5.99°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.