Eksersisplassen

Kulturhistorisk landskap in Norway

I 1628 vart den norske hærmakta nyskipa gjennom ein kongeleg resolusjon av 28. januar. I etterkant av denne nyordninga vart eksersisplassen på Nordfjordeid etablert, og i 1718 vart Nordfjordeid bataljonssamlingsplass for Nordre Bergenhusiske Regiment. Eksersisplassen på Nordfjordeid vart verande på same staden fram til 1967, då den militære aktiviteten vart lagt ned. Staten kjøpte garden Osnes i 1792 til bruk som sjefsgard. Men garden vart ikkje brukt som sjefsgard, då dei militære heller heldt til på gardane Myroldhaug og Myklebust. Osnes vart forpakta vekk til andre mot part i avling og avdrått. Eksersisplassen utgjer ein stor del av garden Osnes. I 1791-1793 vart lagerhusa som i dag utgjer Hærmuseet, bygde. Eksersisplassen er i dag ein open plass med parkanlegg, i tillegg til dei gamle lagerhusa. Under andre verdskrigen nytta den tyske okkupasjonsmakta plassen, og det var stor aktivitet her. Til vanleg var om lag 150 mann stasjonerte på plassen, men i periodar kunne det vere opp til 1000 soldatar her. Det vart sett opp brakker til soldatane, dei fleste av desse er blitt fjerna i ettertid, men ei står att og syner denne sida av historia til plassen. Eit anna element som er att etter den tyske okkupasjonen, er alleane, som dannar eit vakkert og stramt parklandskap. I tida etter 1945 vart det også gjennomført øvingar på eksersisplassen fram til avviklinga av den militære aktivi

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
61.90°N, 5.99°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.