Selja

Kulturhistorisk landskap in Norway

Selja er ei av fjelløyene langs kysten av Sogn og Fjordane med to karakteristiske fjelltoppar, Varden og Klosterfjellet. Øya er strategisk plassert der den indre og ytre tjodleia langs kysten møttest for så å fylgje same lei forbi Stad. Selje var hamn der ein venta på høveleg vêr for å segle over Stad. Selja er nemnd i skriftlege kjelder heilt frå sagatida i samband med reiser langs kysten og vestover havet. Delar av øya, spesielt i sør-vest, er prega av bratte klipper og blokkmark. Mot aust og nord er det betre forhold for jordbruk på strandflater og i lune viker. Mot vest ligg den mest vêrharde delen, men også her er det større flatare parti mellom fjellet og sjøen og hamna i Klostervågen. På den austre delen av øya ligg det fleire små gardsbruk. Mellom Selja og fastlandet ligg Ersholmen. Holmen var opphavleg skogfri, men etter eit forsøk i 1876 på skogplanting i eit barskt kystklima, er den blitt dekka av skog. Øya Selja er knytt til legenda om Sunniva og seljumennene. Legenda vart skriven ned i fleire versjonar i mellomalderen. Hovudtrekka er at den gudfryktige kongsdottera Sunniva flykta frå Irland då ho mot sin vilje skulle giftast bort til ein heidensk vikinghovding. Sunniva og fylgjet hennar sette ut i opne båtar utan segl eller årer. Dei dreiv over havet og kom først til Kinn, men vart jaga derifrå og for vidare til Selja der dei slo seg ned. Det vart etterkvart ufred

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
62.07°N, 5.24°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.