Nordfjord
Kulturhistorisk landskap in Norway
Noreg si lange kystlinje var ein viktig del av det tyske forsvarsverket Atlanterhavsvollen. I Sogn og Fjordane vart det bygd eit omfattande nett av forsvarsverk med skytestillingar, kystfort og tunge batteri. Anlegga vart i stor grad bygde av krigsfangar frå Sovjetunionen og Aust-Europa, samt sivile tvangsarbeidarar. Etter 1945 vart ei rekkje av anlegga avvikla, medan andre vart overtatt av det norske forsvaret og var i bruk i lang tid. Festningsverka var plasserte på strategisk viktige stadar og spesielt ved munningane til Nordfjord, Sunnfjord og Sognefjorden for å hindre at allierte skip kunne segle inn fjordane og ta seg vidare til lands austover. Kystforta skulle også forsvare tyskarane sin skipstrafikk nord- og sørover langs Norskekysten. Utanfor Nordfjord går ei av hovudleiene nord-sør gjennom Ulvesundet, over Vågsfjorden og inn Skatestraumen før den går vidare sørover gjennom Rugsundet. Det tyske kystforsvaret var her konsentrert til området ved Måløy og Vågsfjorden som var eit strategisk viktig punkt langs Norskekysten. Dei militære anlegga her skulle verne skipa i konvoiane som gjekk forbi Stad og dei skulle sperre av innseglinga til Nordfjord. Kystforta på Rugsundøy, Blålid og Vemmelsvik sperra av innseglinga til Nordfjord. Her kunne dei tre kanonbatteria samlast mot mål i Vågsfjorden og ved den indre sperrelinja mellom Rugsundøy og Angelshaug var ein framleis under e
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 61.90°N, 5.13°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.