Valle i Setesdal

Kulturhistorisk landskap in Norway

Landskapet ligg i ein typisk U-dal, forma av isbrear og med bratte fjellsider. Frå dalbotnen, på rundt 350 moh., stig heiane til over 1000 moh. både i Setesdal Vesthei og Setesdal Austhei. I denne delen av Setesdal finst det fleire hengande tverrdalar med retning aust–vest, som Vatnedal, Botsvatn og Ljosådalen, som var viktige ledeliner for ferdsla over til Vestlandet. Mot aust gjekk Bispevegen frå Tveitbø over heia til Finndalen og til Kleivgrend i Fyresdal. Hovuddalføra vart isfrie for om lag 8000 år sidan. Langs heile Otra finst det einskilde område med lausmassar frå istida og elveavsetningar, og det var her dei fyrste gardane vart rydda og busette. Sentrale delar av Valle ligg på ei elveavsetjing med sand og finare silt og leire. Jorda er sjølvdrenerande, turr og varm, og egnar seg godt for dyrking. Spor etter busetnad og funn frå gravminne viser at bygda var busett i folkevandringstid (år 400–550). Denne perioden var prega av ein sterk busetjingsekspansjon på heile Agder, og ein reknar med at alle bygdelaga i Setesdal vart busette i løpet av denne perioden. I Valle er det funne uvanleg mange vektlodd frå jernalder, nærare bestemt vikingtid. Vektlodda vart brukte til å vege betalingsstykke av gull og sølv og vert knytte til handel og handelsplassar. Det kan ha vore fleire handelsplassar i Valle, enten samtidig eller til ulike tider, men det er ein konsentrasjon av funn nær

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
59.22°N, 7.54°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.