Åraksbø

Kulturhistorisk landskap in Norway

Åraksfjorden er ein del av Otravassdraget. Tidlegare var Åraksfjorden skilt frå Byglandsfjorden av ei smal landtunge ved Storstraumen. Det vart bygd eit slusesystem her i 1869 for at rutebåten skulle komme over i Åraksfjorden. I dag er det ingen høgdeforskjell mellom dei to innsjøane fordi Byglandsfjorden er demt opp i samband med vasskraftutbygging. Dei to innsjøane er til saman 37 kilometer og utgjer eit markert landskapstrekk i Setesdal. Gardane i Åraksbø ligg på elveavsetningar aust for Åraksfjorden. Den beste jorda ligg i eit relativt flatt belte langs fjorden. Hovudstrukturen i landskapet er gardane som er plasserte i overgangen mellom elve sletta og bratte bakkar. Gardane ligg plassert i eit skrånande terreng, med beitemark i overkant opp mot skogkanten. Høgare opp i liene ligg grender med yngre bruk. Frå gardane på Åraksbø er det registrert gravminne og funn frå jernalderen i tilknyting til åker og busetnad. Den opphavelege garden i området heitte truleg Årak – og det er etter den bygdelaget har fått namnet sitt. I dei fyrste skriftlege kjeldene frå 1600-talet er den opphavelege Åraksgarden allereie delt i Søndre Haugen, Nordre Haugen, Eldhuset, Stoplestog, Nedstoga og Nordgarden. Jordskiftekartet frå 1865 viser at dei fleste husa på dei fire sistnemnde gardane låg samla i eitt tun. Dette var truleg det gamle tunet til garden Årak. Litt lenger sør låg Haugen, med to åts

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
58.92°N, 7.74°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.