Njardarheim i Setesdal Vesthei
Kulturhistorisk landskap in Norway
Dei fleste elvane i Setesdal Vesthei renn frå nord til sør i hovuddalføra, men talrike tverrdalar går i retning aust–vest. Sjølv om høgfjellsplatået er relativt flatt, er det eit oppsprukke og kupert heilandskap med tallause små og store vatn, dalar og fjelltoppar. Dei høgareliggjande områda har eit barskt klima, med isdekte vatn frå oktober til juni. Klimaet er påverka av lågtrykk frå Atlanterhavet, som pumpar varm og fuktig luft innover heiane, med raske vêrskifte. Setesdal Vesthei er det sørlegaste høgfjellsområdet i Noreg og villreinen som held til her er Europas sørlegaste villreinstamme. Det har vore reinsjakt og fangst i området i 7000 år som ein del av livberginga. Like før første verdskrig skulle jakta endre karakter. Oslomannen Thorvald Meyer Heiberg (1875–1962) kjøpte i perioden 1904 til 1915 opp 1000 km2 samanhengande heiområde i kommunane Sirdal, Valle og Bykle – og i Hjelmeland og Forsand, som ligg i Rogaland fylke. Området ligg i det som vert kalla drifteheia. Heiberg delte heia i 14 jamstore jaktområde og bygde ei eller fleire hytter i kvart område – som regel ei jakthytte med høg standard og ei mindre hytte til tenestefolket. Jaktområda vart leigde ut til Europas overklasse; grevar, baronar og feltmarskalkar. Heiberg sette også i gong eit omfattande program for å ta vare på villreinstammen og rypebestanden. Eigne oppsynsmenn kjempa mot tjuvjakt og utrydda rovv
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 59.18°N, 7.08°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.