Rygnestad og Flateland

Kulturhistorisk landskap in Norway

Garden Flateland har grense til Otra. Langs elva ligg den flate sletta som har gjeve garden namn. Både elvesletta og det meir bølga landskapet innanfor er danna av ein større breelvavsetning. Den eldre busetnaden er lagt på forhøgningar i terrenget og i liene. Garden Rygnestad ligg ein god kilometer nord for Flateland. Den strekkjer seg ikkje ned til Otra, noko som er uvanleg for gardar i denne delen av Setesdal. Rygnestad ligg i eit spesielt landskapsrom med innmarka til garden på ein djup moreneavsetning, som går seg langt oppover liene. Landskapsrommet er som eit halvope amfi med bratte lier rundt. Åkerareal, bygningar og slåttemark er plassert i dei lune og sørvende bakkane. Den store sletta i botnen av amfiet var tidlegare ei stor myr, som vart drenert og dyrka opp på 1930-talet. I dag er det i hovudsak dette området som vert slege og brukt til husdyrfôr. Eigedomane er av ulik storleik og karakter, frå den enkle husmannsplassen Slengen til storgarden Rygnestad. Bygningane og gardane er tradisjonelt utforma og plasserte. Forutan det freda Rygnestadtunet har busetnaden gode døme på tradisjonell byggeskikk, med fjøs, løe, sommarfjøs, kvernhus, loft, smie og badstove. Her finn vi òg andre kulturminne, som steingjerde, bakkemurar, rydningsrøyser og «rymeveg» (fegate mellom garden og utmarka). Området utmerker seg òg med godt bevarte naturbeite, slåtteenger, beitemark og gamal l

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
59.25°N, 7.49°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.