Midtre Bremanger
Kulturhistorisk landskap in Norway
Frøysjøen er ei viktig farlei som har vore brukt frå lang tid tilbake, noko dei mange gravrøysene vitnar om. Då havstrekninga på utsida av Bremangerlandet er svært vêrhard, gjekk seglingsleia langs kysten gjennom Frøysjøen. I nord møter Skatestraumen utløpet av Nordfjord og her kan ein segle enten gjennom Rugsundet og innover til fjorden eller nordover gjennom Ulvesundet. Sjøområda er omkransa av fjell og øyer, mange med steile og høge fjellsider, men òg fjell med mjuke avrunda toppar. Nokre stader er det flatare parti og låge nes, som på Berle. Det opne landskapet er prega av stein og knausar, med innslag av jordbruksområde. Delar av området er eit blokklandskap forma av ras over lang tid. I Vingen er dette særleg tydeleg og dei mange helleristingane vitnar om det lange tidsrommet landskapet er brukt av menneska. Skatestraumen er eit smalt og langstrekt sund mellom Bremangerlandet og Rugsundøy. Her er tidvasstraumane kraftige gjennom det relativt tronge og grunne sundet. Det gjer Skatestraumen til en god fiskeplass, noko den har vore heilt tilbake i steinalderen. Eit teikn på dette er den store konsentrasjonen av spor etter menneske frå steinalderen og fram til jernalderen, som vi finn på begge sider av Skatestraumen. Området si strategiske plassering for ferdsel langs kysten og det rike fisket gjorde at mange kunne livberge seg her. Ingen annan stad i Sør-Noreg har så mange s
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 61.80°N, 5.17°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.