Jølstravatnet

Kulturhistorisk landskap in Norway

Nikolai Astrup sin kunst er uløyseleg knytt til landskapet i Jølster der han vaks opp og budde mesteparten av livet. Landskapet går att i nesten heile produksjonen hans og har vore avgjerande for virke hans som kunstmålar. Jølstravatnet har ei lengd på om lag 20 km, i tillegg kjem Kjøsnesfjorden som ein utstikkar mot aust. Både Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden er omkransa av høge og bratte fjell, nede langs vatnet er det fleire store skredvifter. Langs Kjøsnesfjorden er dei blankskurte fjellsidene eit markert trekk. På toppane av fjella her kan vi enno sjå dei blågrøne ismassane langs kanten av Jostedalsbreen. Ved Årdal og Ålhus vidar landskapet seg noko ut med korte dalar som strekkjer seg nordover. Jordbruk har vore, og er, ei viktig næring. Landskapet har vore prega av slåttemarker, styvingstre og steingardar. Utmarka og stølsdrifta var viktig. Gardflorar låg i grensa mellom innmark og utmark. Det bratte terrenget har påverka plasseringa og utforminga av gardstuna. Fram til utskiftinga vart tuna på fleire gardar organiserte som rekkjetun på grunn av terrenget. Tuna vart gjerne plasserte på område som var tørre og der dei ikkje opptok potensiell åkerjord. Det måtte òg vere trygt for ras. Nedanfor tunet låg åkrane, medan slåtteteigar og hamnehagar gjerne låg på oppsida av fjøsbygningane. Det er framleis bevart mykje frå den gamle strukturen. Jølstravatnet var viktig både for fe

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
61.53°N, 6.45°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.