Dovrefjell
Kulturhistorisk landskap in Norway
Området er rikt både på fysiske kulturminne og mytar knytte til norrøn tru og nasjonsbygging og historier knytte til busetjing og ferdsel. Noregs opphavsmyte er knytt til Dovrefjell gjennom myten om kong Nor. Dovrefjell og Opplanda er opphavsstaden for nordmennene, staden der urfolka frå det ytste nord slo seg ned og inngjekk ekteskap med etterkomarane av jotnar. Etterkomarane deira er det norske folket. I det orrøne verdsbiletet representerte fjellet det farlege og uregjerlege, og Dovrefjell vart staden der komande kongar og høvdingar måtte overvinne seg sjølv og prøve krefter. I soga om kong Harald Hårfagre som samla Noreg til eitt rike, vart Harald oppfostra i fjellet av jotunen Dovre, brukte kongsgarden Tofte og møtte samekvinna Snøfrid, som han gifta seg med, i Dovrebygda. Symbolsk innvier dette ekteskapet samefolket i samlinga av landet. I realiteten var nok Harald Hårfagres liv og virke i større grad knytt til kysten, men symbolsk og rituelt vel kjeldene i mellomalderen å kople kongen til Dovrefjell. Historia er mytisk, men fortel om den rolla Dovrefjell hadde alt i mellomalder som symbol på kongemakt og rikssamling. Dovre vart nasjonsfjellet med ei historie så metta av urmytar, kongemakt og kyrkjemakt at ho danna utgangspunkt for eiden på Eidsvoll i 1814: «Enige og tro til Dovre faller.» Orda vart sidan slagord for nasjonal patriotisme, sjølvstende og samhald, noko som
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 62.07°N, 9.29°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.