Hustadvika

Kulturhistorisk landskap in Norway

Hustadvika er eit av dei mest krevjande havstykka langs Norskekysten. Farvatnet er ureint, med små øyer, holmar, skjer og båar, og det er særleg vêrhardt, med sterke straumdrag. Gjennom tidene har det vore eit utal forlis på denne strekninga. Eit av dei mest kjente skipsvraka er det såkalla «Stopleleivraket», som vart oppdaga av dykkarar i 1985. Vraket var av ei hollandsk seglskute, som hadde forlist tidleg på 1700-talet. Meir enn 300 gjenstandar er henta opp frå vraket, og nokre av desse er i dag stilte ut på museum. På grunn av dei mange skipsvraka som ligg her, vert havstykket langs Hustadvika rekna som ein eigen skipskyrkjegard. For å lette navigasjonen og gi landkjenning vart det sett opp eit fyr på Kvitholmen allereie i 1842. På Bjørnsund, sør om leia, vart det bygd fyrstasjon i 1871. Seinare har det kome fleire fyrlykter, stakar og andre sjømerke langs denne leia. Strandlandskapet langs Hustadvika er kupert, med viker, tangar, berg og smale sund. Lenger inne er det eit meir ope, myrlendt strandflatelandskap, innramma av einskilde, markerte fjellformasjonar, som til dømes kystfjellet Stemhesten. Stemhesten har til alle tider vore eit landemerke for dei sjøfarande. Gardsskipnaden her er ei blanding av små og større bruk. Bygdene Farstad og Hustad har nokre av dei største gardane i Romsdal. I myrlendte furer mellom nakne berg attmed sjøen ligg dei minste gardane, fiskarbond

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
62.98°N, 7.14°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.