Grimsdalen

Kulturhistorisk landskap in Norway

Den frodige Grimsdalen er ein lang seterdal med store biologiske og kulturhistoriske verdiar. På begge sider blir dalen ramma inn av dei høge toppane i Rondane og på Dovrefjell. Gjennom dalen renn elva Grimse austover til Folla, og topografisk sett er Grimsdalen ein sidedal til Folldalen. Men som seterdal høyrer han kulturhistorisk til Dovre i vest. Karakteristisk for dalen er at det er lite nedbør, forholdsvis varme somrar til å vere eit fjelldalføre og svært kalde vintrar med tynt snødekke. Dalen har ei brukshistorie som går 4000 år tilbake i tid. Over 50 setrar fordelte på sju ulike setergrender har vore i drift her. Tufter på to øydesetrar er daterte til 1400–1500-talet, noko som knyter området til tidleg historisk seterdrift. Undersøkingar av vegetasjonen viser spor etter beite frå byrjinga av 400-talet e.Kr., medan det i Haverdalen like sør for Grimsdalen er funne spor etter beite alt i yngre bronsealder (1100–500 f.Kr.) og forsøk på korndyrking så tidleg som 500 f.Kr. Ei intensivering i dyrkingsspora frå 700-talet e.Kr. kan tyde på meir fast busetjing i området. Det er fleire gravhaugar i området, og det er gjort gjenstandsfunn frå graver. I jernalderen vart folk òg gravlagde i naturlege haugar eller morenar og under flatmark utan synlege markeringar. Det kan derfor vere mange fleire gravminne frå denne perioden enn dei vi kjenner til i dag. Dei mest omfattande arkeologi

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
62.07°N, 9.69°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.