Dalbotnen i Lesja

Kulturhistorisk landskap in Norway

Fjellbygda Lesja ligg på 500–650 meter over havet, og den terrasserte dalbotnen vart danna av bredemde innsjøar på slutten av siste istid. Aust og vest for dagens Lesja sentrum låg opphavleg dei to nesten samanhengande vatna Siemsvatnet og Lesjavatnet. Vatna var grunne og svært gode fiskevatn. Eit grunneigarmøte i 1855 vedtok å prøve å tappe ut dei to vatna for å kunne bruke innsjøbotnen som jordbruksland. Behovet for større jordbruksareal var stort, etter sterk folkevekst i bygda i første halvdel av 1800-talet. Planen var at viss ein gjorde Bottemsstraumen i aust djupare, så ville dei to innsjøane gradvis tappast ut av seg sjølv. Arbeidet med å tappe vatna gjekk føre seg i 1857–65. Demning, dammar og veiter skulle sørgje for at vatnet tok rett veg under tappinga, men arbeidet vart meir komplisert og kostbart enn venta. I 1863 var Lesjavatnet senka med 11,8 fot, og ein kunne byrje å ta i bruk nytt jordbruksland i aust, men i vest var det framleis mykje vatn. Misnøya var stor – knytt til ufullstendig drenering, tapt fiske, årleg flaum og sandflukt frå dei nye jordbruksareala. Ei stund vart det diskutert om det kunne vore mogleg å demme vatna opp igjen. Frå 1870-åra tok naturen sjølv seg av mykje av det vidare arbeidet med nedtapping, og Siemsvatnet var til slutt redusert til ein firedel av opphavleg storleik. Områda som vart drenerte fram frå Siemsvatnet, vart kalla Lesjaleira.

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
62.11°N, 8.83°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.