Strynefjellet aust

Kulturhistorisk landskap in Norway

Strynefjellet er eit høgfjellsområde med høge toppar og tindar opp mot 2000 meter over havet, som skil Vestlandet og Austlandet. Vegfar frå ulike periodar viser korleis ein først har valt enklaste og tryggaste veg til fots og med hest, deretter den traseen som gjorde det mogleg å kome seg fram med hestekarjol og sidan bil. Til slutt ser ein korleis moderne tunnelteknologi gjorde det mogleg å velje ein trasé om i utgangspunktet var uframkomeleg. Frå 1500-talet og fram til slutten av 1800-talet vart ruta frå Sunndalen inst i Oppstryn og opp Kamperhamrane brukt som drifteveg. Driftekarar frå Nordfjord reiste til austlandsbygdene med storfe og småfe, eller med hest til fjordingsmarknadene i Gudbrandsdalen. Gudbrandsdølane drog motsett veg for å selje mellom anna tjøre og bek. Det kan ha vore denne ruta ein flokk baglarar følgde over fjellet til Olden i Stryn i ei ferd som blir skildra i kong Sverres saga frå 1100-talet. Vegane over fjellet blir òg skildra i dokument frå 1400-talet, med instruksjonar om kva gardar som hadde ansvar for vedlikehald av vegane, og for nedfrakting av dei som døydde på ferda over. Vestfrå kryssar ein grensa til Innlandet i Merradalsbotn, ved vasskilet mellom Aust- og Vestlandet. Ein brearm av Sikilbreen låg på 1700- og 1800-talet i botnen her, og vegfaret er derfor ikkje så tydeleg. Vidare austover passerer ein Ytste og Nedre Leirvatnet før ein kjem ned t

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
61.98°N, 7.60°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.