Nordherad

Kulturhistorisk landskap in Norway

Nordherad er eit aktivt jordbruksområde der hovudtyngda av gardsbusetnaden ligg i to «etasjar» – nær Vågåvatnet på 362 meter over havet og på nedsida av utmarka på omkring 700 meter over havet. Mellom dei to nivåa er det bratte lier med beitemark og skog. Tilnærma alt jordbruksareal er i drift. Dei to setergrendene Nørdre og Søre Nistingen ligg på omkring 900 meter over havet. Landskapet i den austre delen av området er prega av tørre einerbakkar som blir nytta som beite, i mosaikk med mindre skogsområde og flatare område med dyrka mark. Geologi og klima har gjort området attraktivt som beite, medan lite areal eignar seg til fulldyrking. Det ekstremt nedbørfattige klimaet og den næringsrike, kalkhaldige berggrunnen gir grunnlag for ein artsrik «steppevegetasjon». Særleg dei sjeldne lavartane og tørrbakkane er unike og saknar sidestykke i Europa. Kalkfuruskogar og kulturmark vart verna i naturreservata Sandehorten og Vistehorten i 1993. Funn frå steinalderen og bergkunst i form av skålgropfelt frå bronsealderen eller eldre jernalder vitnar om tidleg aktivitet i området. Gardsnamn, tufter og gravhaugar i området tyder på nydyrking og auka busetjing i jernalderen. Særleg interessant er eit felt med gravminne, rydningsrøyser og tufter ved garden Visdal. Det er kjent ei rekkje gjenstandsfunn frå jernalderen og mellomalderen. I tillegg finn ein spor etter jernutvinning i området, og

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
61.86°N, 9.03°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.