Romsdalsfjorden
Kulturhistorisk landskap in Norway
Kring Romsdalsfjordbassenget finn vi eit karakteristisk strandflatelandskap. Området egnar seg vel for jordbruk, og gardstun og åkrar ligg på sørvendte, solrike og sjølvdrenerte moreneavsetningar langs fjorden. Jordbæra er blant dei vokstrane som trivst godt her. Sekken er den høgste øya i Romsdalsfjordbassenget med store område av øya dekt av skog. Veøya og Hjertøya har ikkje fastbuande. Til skilnad frå dei fleste andre fjordløpa i Møre og Romsdal, er Romsdalsfjordbassenget ope i mange retningar. Fleire fjordarmar møtest her, noko som gir området ei strategisk plassering både i høve til kystleia i vest og til farleia vidare austover. For å unngå den vêrharde Hustadvika, var det i tidlegare tider ikkje uvanleg at båtar på veg nordover sigla Langfjorden inn til Eidsvågen. Der vart dei tekne på land, og dregne vidare langs kavlvegen over Tiltereidet. Rike gravminne som ligg i strandhellinga ned mot sjøen, peikar mot at Nesjestranda og Bolsøya kan ha vore del av eit større maktlandskap. På Bolsøya er Trollpila, ein av dei høgste bautasteinane i Noreg, eit viktig landemerke. På øya finst spor etter busetjing og aktivitet frå jarnalder og mellomalder; med mellom anna gravminne, leidangsnaust, sølvfunn og mellomalderkyrkjestad. På Nesjestranda er det også gjort fleire rike gravfunn. Både Sekken og Veøya er nemnde i sagalitteraturen. Under eit sjøslag ved Sekken i 1162, skal Håkon Her
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 62.69°N, 7.35°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.