Bøverdalen
Kulturhistorisk landskap in Norway
Området er prega av dalar med bratte lier og høge fjell med toppar på over 2000 meter over havet, og ligg mellom Jotunheimen og Breheimen. Fjellformasjonane har både massive, avrunda former og skarpe alpine ryggar og tindar. Ferdsel gjennom dalen har vore viktig for kontakt og handel mellom innland og kyst. Frå Bøverdalen går varda vegfar over fjellet mot Vestlandet. Ei rute følgjer dagens Nasjonal turistveg Sognefjellet (Statens vegvesen) langs fv. 55 sørover mot Luster, medan ei anna rute går lenger nordvest via Høydalen. Frå Bøverdalen var det òg vegfar over til Valdres, via Visdalen og Utladalen til Vang og vidare til Filefjell. Det var dessutan ferdsel frå Lundadalen i Skjåk og over fjellet til setergrenda Neto i Bøverdalen, der Skjåks-garder har setrar. Nede i dalen er restar etter eldre kløv- og ridevegar bevarte i det tronge passet Geidde, like sør for Galdesanden. Gardane i området var pålagde eit arbeidskrevjande ansvar for vedlikehald av vegstrekningar både mot nabobygder og over fjellet. I tillegg skulle dei sørgje for å frakte reisande som døydde, ned frå fjellet, og sørgje for kvileplassar med beitemoglegheiter oppover dalføret. Funn og gardsnamn peikar mot fast busetjing, i alle fall i midtre og nedre del av dalen, alt i jernalderen. Det er gjort funn frå jernalderen heilt oppe ved Dalsvatnet på 750 meter over havet, noko som kan tyde på ei høgtliggjande busetjin
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 61.73°N, 8.34°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.