Tesse og Smådalen

Kulturhistorisk landskap in Norway

Landskapet er rikt på spor etter ekstensiv utnytting av utmarksressursar, som vitnar om aktivitet og busetjingi området i fleire tusen år. Rundt Tesse og i Smådalen finst steinalderlokalitetar, fangstanlegg, jernvinneanlegg, graver, samiske buplassar og spor etter beite- og seterdrift. Ved Tesse ligg det i dag 20 setrar og område med grasproduksjon og beite for sau og storfe. Både setrane og fiskeressursane i vatnet har vore viktige for grenda Vårdalen i Garmo i Ottadalen. Rettane til aurefisket i Tesse har i lang tid tilhøyrt Vårdalen statsallmenning. Utgravingar av steinalderlokalitetar ved vasskanten viser at det var aktivitet rundt vatnet så tidleg som 4500 f.Kr., på slutten av eldre steinalder, med tyngdepunkt i yngre steinalder. Buplassane var plasserte rett innanfor dei store sandbankane og ved inn- og utløp som seinare vart sentrale som gode fiskeplassar. Det er derfor mogleg at fiske alt i yngre steinalder kan ha spelt ei rolle i bruken av området. Dei fleste gjenstandane som er funne, knyter seg likevel til jakt og fangst. Eit undersøkt jernvinneanlegg frå overgangen mellom eldre og yngre jernalder viser korleis ein etter kvart òg utnytta andre tilgjengelege ressursar. Fisken har aldri hatt nokon naturleg tilgang til Tesse, og bestanden her er sett ut og halden ved like av menneske, truleg frå yngre jernalder eller endå tidlegare. I reguleringssona for vatnet er det f

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
61.78°N, 8.88°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.