Heidal
Kulturhistorisk landskap in Norway
I nedre del av Heidal, nedanfor tettstaden Bjølstadmo, flatar dalbotnen ut og gir plass til jordbruksareal frå elva og eit stykke oppover i lia. Ovanfor Bjølstadmo er dalen markert med bratte, skogkledde skråningar ned mot elva og jordbruksareal på dei litt flatare areala lenger oppe i lia. På Leirflaten og innover Murudalen vidar dalbotnen seg kraftig ut og går gradvis over i slakare lier opp mot fjellet. Det er få kjende arkeologiske spor i området, men det kjem truleg av manglande arkeologiske undersøkingar. Kjende spor, som fangstgroper og gravfunn, kombinert med ressursar og naturlege føresetnader, gardsnamn og busetjingshistorie i mellomalderen, tyder på at dalen var busett i jernalderen. Karakteristisk for den nedre delen av Heidal er dei mange store gardstuna med tømmerbygningar på rekkje og rad i dalsida. I den siste istida låg det ein bredemd sjø her, og strandlinja etter sjøen viser seg som ei markant hylle i dalsidene. Mange av dei gamle gardane ligg på denne hylla, med åkrar i bakkane både ovanfor og ned mot dalbotnen. Jorda har gjennom tidene vore samla på få bruk, og husmannsvesenet varte lenge. Den sosiale lagdelinga mellom storgardane, mindre bruk og dei mange husmannsplassane er framleis synleg i eigedomsstrukturen, gjennom plassering på ulike høgder i landskapet. I dag er få av plassane bevarte, men mange ruinar i området viser omfanget av både husmannsplassa
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 61.72°N, 9.27°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.