Gjende og Sjodalen
Kulturhistorisk landskap in Norway
I øvre del av området ligg det lange, smale vatnet Gjende med Øvre og Nedre Leirungen i sidedalar, omgitt av toppar på rundt 2000 meter over havet. Her er Besseggen, med bratt og luftig utsikt ned i det grøne Gjende i sør og det djupblå Bessvatnet i nord. Området nedover Sjodalen, Griningsdalen, Russdalen og Randsverk byr på mildare terreng og er prega av spor etter breelvar frå siste istid. Dei mange eldre spora frå steinalderen og fram til nyare tid viser at utmarksressursane i området har vore viktige for menneske som var busette i Gudbrandsdalen og i fjellområda. Seterhus, steinbuer og fangstanlegg fortel om jakt, fangst og setring. Då vitskapsfolk, kunstnarar og dei første fotturistane fekk auga opp for fjellet ved midten av 1800-talet, var traktene rundt Gjende eit av dei områda som først fekk besøk. Dei urbane gjestene frå England og Kristiania fekk hjelp av bygdefolket. Kjende namn her er mellom andre Petter og Jens Tronhus, som var fjellførarar, reinjegerar og etter kvart turistvertar. Sjodalen var eit viktig seterområde, og i starten tok fotturistane inn på setrane og i steinbuer inne i fjellet. Etter kvart vart det lagt betre til rette for overnatting på fleire av setrane ved Gjende og i Sjodalen. Enkelte av dei utvikla seg seinare til turiststasjonar og fjellhotell. Ved Gjendeosen hadde den legendariske reinjegeren og fritenkjaren Jo Gjende bua si. Her møttest bygde
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 61.57°N, 8.87°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.