Dokkfløy, Espedalen og Murudalen

Kulturhistorisk landskap in Norway

Området har spor etter omfattande jernutvinning, særleg rundt Olstappen. I dalsida rundt Espedalsvatnet finst òg førekomstar av koparmalm som folk freista bryte frå 1600-talet. På midten av 1800-talet vart eit nikkelverk anlagt på den markante «Verksodden» nede ved vatnet. Fjellområda har vore nytta til setring, fiske og turisme. Det er likevel kulturminne og historia knytt til elgtrekket og elgfangsten som verkeleg pregar dette landskapet. Mellom områda rundt Dokkfløy og Murudalen går i dag eit av Nord-Europas største elgtrekk. Trekket kryssar framleis fleire lange rekkjer med fangstgroper som nesten har sperra trekket langs sørvestsida av Espedalsvatnet og vidare inn i Murudalen. Undersøkingar peikar mot at fangstgropsystema var i bruk i to hovudperiodar, på 200–500-talet og 1000–1600-talet. Fangstgroper frå yngre steinalder kan ein òg finne. Arkeologiske undersøkingar i samband med reguleringane av vatna Dokkfløy og Olstappen har gitt oss god kunnskap om den aller tidlegaste elgjakta. Ei samling brende elgbein ved innløpsosen i Olstappen er så gamle som frå 8000 f.Kr. – i eldre steinalder. Dette er truleg restane av ein slakteplass og viser at både elg og jegerar har vore i området ganske raskt etter at isen trekte seg tilbake. Ei bergflate med tre elgfigurar ved Dokkfløy er teken vare på i Kittilbu Utmarksmuseum. Dei mange buplassane som er undersøkte ved vatna, viser at st

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
61.31°N, 9.72°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.