Litldalen
Kulturhistorisk landskap in Norway
Litldalen er eit dalføre som strekker seg frå Tredalen i nord og om lag sju kilometer sørover. Litldalselva renn gjennom dalen og ut i Sunndalsfjorden. Morenejord dannar terrassar i dalbotnen, og jorda vert rekna som lettdriven. Den øvste delen av Litldalen er trong, omgitt av høge, bratte fjell. I den nedste, nordlege delen flatar terrenget ut, og her er det busetjing og gardsdrift. Litldalselva renn gjennom Litldalen og ut i Sunndalsfjorden. Frå dalbotnen går der veg opp til Auraanlegga og vidare over fjellet og ned i Eikesdalen. Fjellandskapet sør for Litldalen har til alle tider vore nytta til jakt og til fangst, ikkje minst av reinsdyr. Her ligg det ei rekke fangstminne, frå ulike tidsperiodar. Gjennom dei siste hundre åra har det vore gjort omfattande inngrep i dette landskapet. Auravassdraget er bygd ut for å produsere vasskraft, og femner om Aursjøen, Torbuvatnet, Sandvatnet, Langvatnet, Osvatnet, Reinsvatnet, Hallarvatnet, Litlvatnet og Dalavatnet. Desse vatna er delvis demde opp. I 1906 vart fallrettar knytt til Auravassdraget kjøpt opp av eit privat selskap. Føremålet var å utnytte vasskrafta til industrireising. Etter å ha fått konsesjon i 1913, konsentrerte selskapet seg om utbygging av Litldalselva. Under første verdskrigen vart det gjort fleire investeringar i området. Mellom anna vart det lagt ei jernbaneline, Aurabanen, frå kaia på Sunndalsøra og fram til anleg
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 62.56°N, 8.48°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.