Frya - Harpefoss
Kulturhistorisk landskap in Norway
Denne delen av Gudbrandsdalen er karakterisert av store og samanhengande landskapsrom. I området ligg eit mindre rom i sør, rundt Fryasletta, med bratte, rasutsette sider. I nord opnar landskapet seg i det store rommet rundt Hundorp og grenda Ryssland, før dalen igjen snevrar seg inn rundt Harpefoss. Det ligg i ei solvend, svakt skålforma, høg li, med markerte dalhyller som bryt opp det hallande terrenget. Godt jordsmonn og eit terreng som passar godt til dyrking, har gitt grunnlag for åkerbruk og husdyrhald. Her er fleire store gardar på eit forholdsvis lite område. Ein viktig føresetnad for den rike ressurstilgangen er Harpefossen rett vest for området, som ligg som ein effektiv flaskehals i Lågen. Fossen har bidrege til eit rikt fiske og vore eit trafikknutepunkt i skiftet frå elvebasert til landbasert ferdsel vidare nordover – viktige supplement til det tradisjonelle jordbruket både på Hundorp og i Rysslandgrenda. Området er blant dei eldste busetjingsområda i Gudbrandsdalen, og garden Hundorp var i lang tid eit viktig politisk og religiøst maktsenter. I området rundt Hundorp finn vi eit monumentalt gravfelt frå jernalderen, med seks store gravhaugar og to steinleggingar. I soga om Olav den heilage beskriv Snorre møtet mellom kong Olav og hersen Dale-Gudbrand på garden i 1021. Ein av mennene til kongen skal ha knust ein Tors-figur med klubba si, og møtet representerer etter
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 61.56°N, 9.94°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.