Vinstre
Kulturhistorisk landskap in Norway
Saman med Tyin, Bygdin og Kaldfjorden dannar Vinstre ei rekkje med store vatn som utgjer ein nesten uavbroten vassveg frå vest til aust gjennom fjellområdet. Vinstre er regulert (1032–1028 moh.), og høgaste regulerte vasstand står éin meter over opphavleg vasstand. Områda mellom vatna har danna naturlege flaskehalsar for dei store nord-sør-gåande trekka med reinsdyr. Dette har gjort området til eit attraktivt jakt- og fangstområde gjennom store delar av historia. Området ligg ved foten av høgfjellet med eit tøft klima når vêret står på. Samtidig er liene rundt vatnet slake og sørvende, med næringsrikt jordsmonn og godt beite. Langs vatnet ligg buplassar, tufter, fangstgroper og stølar, dei fleste på nordsida av vatnet. Den største konsentrasjonen av kulturminne finn vi ved Bjørnhølen i den austre enden til vatnet. Her blir vatnet innsnevra, og små holmar mellom nord- og sørsida gjer dette til eit naturleg kryssingspunkt for dyr. På fleire verutsette nes uti vatnet viser funn at menneske har hatt jamleg opphald i heile perioden frå omtrent 7500 f.Kr. fram til omtrent 1000 f.Kr. Her ligg tjukke lag med skjørbrend stein, steinavfall etter reiskapsproduksjon og bein frå reinsdyr, som vitnar om storviltfangst. På eitt av nesa vart det dessutan funne to graver frå yngre jernalder (550–1050). Den eine, truleg frå 500-talet, er ei såkalla «fjellgrav» eller «utmarksgrav», som gjerne fin
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 61.33°N, 8.96°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.