Filefjell aust
Kulturhistorisk landskap in Norway
Ved Kyrkjestølane går vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, med vassdrag som endar i Sognefjorden i vest og Tyrifjorden i aust. Dalføret over Filefjell ligg på omtrent 1000 meter over havet og er prega av vassdrag, fuktige myrar og tørre ryggar. Terrenget i landskapet er skålforma, med Otrøvatnet i aust. Dalsidene i sør er slake, med store myrdrag, medan nordsida er bratt, blokkrik og delvis heilt dekt av steinur. Fjella rundt går opp mot 1500–2000 meter over havet. Som den første offentleg bygde køyrevegen mellom aust og vest stod Den bergenske kongevegen ferdig på slutten av 1700-talet. Vegen fekk mykje å seie for ferdselen mellom landsdelane. Seinare har riksveg og europaveg avløyst Kongevegen. Ferdselshistoria går langt tilbake. Ei rekkje spor viser ferdsel i steinalderen. I jernalderen var det fast busetjing her, og faste ferdselsvegar over Filefjell. Valdres var eit tyngdepunkt for jernutvinning i yngre jernalder og tidleg mellomalder, med dette området som eitt av fleire kjerneområde. Tydelege spor i terrenget etter kolgroper, omnar, slagghaugar og tufter vitnar om jernutvinninga. Jernet vart truleg frakta over fjellet mot kysten. Her er dessutan gravminne, skålgroper, fangstgroper og bogestillingar. Eit eldre vegfar – ein av fleire såkalla saltmannaeller sildemannsvegar mellom Valdres og Vestlandet – førte ned mot sørsida av Otrøvatnet og vidare mot Kyrkjestølane. Her
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 61.18°N, 8.17°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.