Romsdalen
Kulturhistorisk landskap in Norway
Romsdalen startar ved tettstadane Veblungsnes og Åndalsnes, der elva Rauma renn ut i Romsdalsfjorden. Frå fjorden er dalføret relativt ope og slakt. Vidare austover vert det trongare, med høge, stupbratte fjellveggar på kvar side, og der Raumaelva dominerer dalbotnen. Framover dalen mot Verma vert dalføret brattare og meir ulendt, medan fjellrekkene flatar ut. Klimaet i Romsdalen er godt eigna for jordbruk. Her er nok av både nedbør og varme for å få fram rike avlingar. Dei nedste delane av dalen er blant dei beste kornområda i heile fylket. Samstundes syner pollenanalysar at her alt frå bronsealderen av har vore god variasjon mellom åkerbruk og husdyrhald. Jordbruksbusetnaden i Romsdalen går tilbake til slutten av ynge steinalder, og frå om lag same periode finst spor etter opphald i mange av hellerane langs Raumaelva. Her er mellom anna funne fiskekrokar av bein. Arkeologiske undersøkingar viser at busetnaden langsetter dalen var ganske omfattande i bronsealderen, og at dalbotnen ofte har vore råka av ras og flaum. Dei øvste gardane vart truleg ikkje rydda før i jarnalderen. Byggeskikken i Romsdalen syner påverknad frå både aust og vest. På gardshusa øvst i dalen er påverknaden austfrå tydeleg. Dei lafta, tjøresmurde tømmerveggane liknar på dei vi finn i Gudbrandsdalen. Også når det gjeld takkonstruksjon og takvinkel er likskapen tydeleg. Nedover i dalen endrar dette seg. Eit
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 62.43°N, 7.91°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.