Eikesdalen

Kulturhistorisk landskap in Norway

Eikesdalen og Eikesdalsvatnet er omkransa av bratte fjellsider, med høgder opp mot 1800 moh. Gjennom dalføret har elva Aura sitt naturlege løp frå Aursjøen til Eikesdalsvatnet. Eikesdalen er blant dei mest nedbørsfattige områda på Vestlandet. Klimaet er veleigna for åkerbruk, då det er sjeldan at kornet frys her. Dyrkingsjorda, som inneheld grus og sand frå elvefar og fjellskred, kan verte noko tørr. Eit effektivt vatningssystem syter likevel for jamt over gode avlingar. Frå øvst og aust i dalen ligg gardane på ulike flater i terrenget. Plassering av hus og tun er eit framståande trekk i landskapet. Stovehusa er sett opp på rekke heilt inn til vegen. Bakom desse er fjøsbygningane sett opp like eins, berre med eit gardsrom imellom. Denne tunskipnaden er truleg svært gamal, kan hende heilt tilbake til yngre steinalder. Ei steinøks, som er om lag 5000 år gamal, er funne inne på tunet. På sørsida av Eikesdalsvegen, ved Utigard, er det påvist fem kokegroper og eit dyrkingslag. Det eldste dyrkingslaget er frå slutten av yngre steinalder, og dateringar av kokegropene tyder på kontinuitet fram til jarnalderen. At plasseringa av hus og tun vart slik, har truleg fleire grunnar: Fonnfaren gjorde at bygningane måtte setjast opp så langt frå fjellsidene som råd var. Her, framme på bakkekanten, ligg og den magraste og minst verdfulle jorda. Vidare var det praktisk å legge husa her, med fjøs

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
62.49°N, 8.22°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.