Gravdalen

Kulturhistorisk landskap in Norway

Området ligg over tregrensa, i eit ulendt terreng der landskapet er prega av ur, kneisande tinderekker og tronge fjelldalar. I dag er det få som ferdast her, men frå gamalt av var det vanleg å ta vegen gjennom Gravdalen når ein skulle vitje kjenningar på andre sida av fjellet. Mellom Eikesdalen og Lesja har sambandet frå gamalt av vore tett. Desse banda vart i mange år markert ved årlege fjellstemne i Sandgrovbotnen og i Gravdalen. Her møttest grannar og slektningar frå begge sider av fjella. Gravdalen har til alle tider vore ein del av trekkruta til villreinen. Namnet «Gravdalen» syner til dei mange fangstanlegga som det framleis finst spor av. På grunn av lite ferdsle og få menneskelege inngrep i nyare tid, har slike spor i stor grad fått stå urørde. På sin veg aust- eller vestover har dyra tradisjonelt kryssa Gravdalen to stadar: ved utlaupet av Gravdalsvatnet og om lag fire kilometer lenger nede i dalen. Dyregraver som er gravne ned i jorda, er avdekt her. I tillegg til desse to trekka, går der også eit reintrekk gjennom Grovåskaret, sør for Gravdalen. Dette vert rekna som hovudtrekket for villreinen til og frå Romsdalsfjella, og her finst restar etter eit stort fangstanlegg. Truleg var det villreinen som lokka dei første menneska til desse lite tilgjengelege fjellstroka. Her finst mange spor etter reinsdyrfangst; til dømes restar etter steinbuer der jegerar har søkt ly. St

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
62.37°N, 8.24°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.