Stølsvidda

Kulturhistorisk landskap in Norway

Området er eit stort, ope og samanhengande viddelandskap med store myrområde, mindre innsjøar og stølsmiljø. Flæidn (‘vide flater eller vidder’) er eit eldre namn, medan nemninga Stølsvidda har vore i bruk dei siste 45 åra. Her er det nærare 600 stølar, og kvar tredje støl er framleis i aktiv bruk med utmarksbeiting, hausting av vinterfôr eller tradisjonell stølsdrift. Nær 50 av stølane har mjølkeproduksjon. Lang kontinuitet og stor aktivitet i området heng saman med tradisjon for husdyrhald og mangel på beite i bygda. Det blir òg drive stølsturisme basert på den aktive drifta og formidling av arbeidet på stølen. Den omfattande bruken av utmarksbeite gjer at store delar av landskapet framleis er ope. Nokre område er likevel prega av attgroing. Mange av stølane har gått over til å bli fritidshus, og nokre er heilt fråflytta. Det finst òg ein del hytter i skogbeltet. Den historiske vandreruta Stølsruta i Valdres (DNT og Riksantikvaren) vart merkt og tilrettelagd gjennom området i 2018. Stølsdrifta i dette området har fleire hundre år gamle tradisjonar. Dateringar frå andre område viser at den historiske forma for stølsdrift kan førast tilbake til seinmellomalderen, på 1400- og 1500-talet. Størst aktivitet var det med fullstølsbruket på 1700- og 1800-talet, då både folk og dyr hadde tilhald på stølen heile sommaren. I område med fullstølsbruk var det vanleg å ha to eller tre støla

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
60.97°N, 8.94°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.