Alnes

Kulturhistorisk landskap in Norway

Alnes er eit ope og relativt lite område med ein konsentrert busetnad. Husa ligg i klynge på strandflata, i livd for vêr og vind under ein terrasse i terrenget aust for innmarka. Her er våningshus, med uthus og løer på baksida og naustrekkje langs sjøen. Bakom gardshusa ligg jordbruksareal i karakteristisk teigblanding, og beitebakkar strekk seg inn mot fjellsida. Den store naturbeitemarka i Alneslia er ei av dei mest karakteristiske langs kysten av Møre og Romsdal. Kystlynghei oppe på fjellet, sanddyner, nordvendte kystberg og blokkmark, er viktige naturtypeførekomstar. På Godøya har det vore gardsdrift sidan førhistorisk tid. Gardane vart rekna som gode korngardar, med etter måten store avlingar. Både bygg og havre vart dyrka her. Innmarka vart etter kvart delt opp i mange teigar. Kvar gard kunne ha 50–60 slike. Ved hjelp av bumerke på bytesteinane klarte bøndene å skilje teigane frå kvarandre. Utskiftinga, som her vart gjennomført i 1881 og i 1905, reduserte denne teigblandinga. Bruka på Alnes har likevel noko teigblanding framleis, med to til tre teigar tilhøyrande kvart bruk. I tidlegare tider hende det at kyrne frå Juv og Alnes vart sendt på beite på den vestlege delen av fjellet. Framleis finst her restar etter sommarfjøs og mjølkestadar. Fjellet er bratt og farleg, så sidan 1800-talet har oppsitjarane stort sett halde storfeet nede i heimemarka. Fjellbeitet har vore res

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
62.49°N, 5.96°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.