Randsfjorden
Kulturhistorisk landskap in Norway
Området ligg innanfor eit stort, ope landskapsrom rundt innsjøen Randsfjorden. Opp frå Randsfjorden ligg slake lisider der leirjord gir gode føresetnader for jordbruk. Landskapet går etter kvart over i skogkledde åsar med grus/morenejord. På vestsida strekkjer åsane seg opp til 500–600 meter over havet. Frå midten av 1800-talet fekk skogeigande bønder langs Randsfjorden eigedomsrett til allmenningen til kongen. Samtidig vart dei strenge sagbruksprivilegia frå 1600-talet oppheva. Den teknologiske utviklinga med dampsagbruk, høvleri, tremasse-, cellulose- og papirindustri gav bøndene store moglegheiter til økonomisk utbytte av skogen. Høgkonjunkturen for skogbruket i Land varte til det vart eit kraftig fall i tømmerprisar i 1921. I same periode gjekk jordbruket gjennom eit hamskifte med modernisering og mekanisering, og vart i større grad marknadsretta. Den gode økonomien førte til stor byggjeaktivitet på gardane med store skogeigedommar. Store våningshus i dei rådande stilartane, som sveitserstil, drakestil, jugend og nyklassisisme, og dessutan store einskapslåvar vart bygde. Det var inntektene frå skogbruket, ikkje jordbruket, som la grunnlaget for byggjeaktiviteten. I det same området finn vi òg bygningane til dei som jobba på skogen, både husmannsplassane der dei budde, og koiene der dei oppheldt seg under arbeidet. Desse små og enkle bygningane står i sterk kontrast til skog
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 60.67°N, 10.29°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.