Flåværleia
Kulturhistorisk landskap in Norway
Flåværleia har frå gamalt av vore den mest nytta siglingsleia langs Sunnmørskysten. Slik er det framleis. Også større fartøy, som til dømes Hurtigruta, nyttar denne leia. Flåværleia er ei urein farlei. Her er store og mindre øyer, og eit uttal av holmar og skjær. Dei største øyene er brattlendte, nokre med fjellsider som skyt loddrett opp frå havet. Inn imellom desse, der det er mest livd mot vêr og vind og bårebrot, ligg dyrkbar jord og buande lende. Terrenget på øyane vekslar mellom myrlendte flater og skoglause åsar og fjell. Gardsbruka har vore gjennomgåande små, og som regel drivne i kombinasjon med andre inntektskjelder; først og fremst fiske, men også til dømes tarebrenning, fuglefangst og sanking av mose. Lyngkledde holmar vart før nytta til utmarksbeite. Gardstunet bestod gjerne av fleire små driftsbygningar, båtstø og naust. Einskilde stadar, som til dømes Flø, er lite prega av nyare inngrep. Kulturlandskapet her syner stor tidsdjupne, der den gamle tunskipnaden og spora etter den tradisjonelle fiskarbonden, framleis er tekne vare på. På øyene som omkransar Flåværleia finst ei rekkje spor etter kulturminne frå førhistorisk tid. Her ligg fleire steinalderlokalitetar, spesielt i midtre delar av leia: ved Herøya, Dimnøya og langs vestsida av Hareidlandet. Sør i leia ligg Sandsøya med Dollsteinshola, ei fjellhole på vestspissen av øya. I Dollsteinshola finst aktivitetsspo
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 62.36°N, 5.61°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.