Balke - Lillo og Kapp 1
Kulturhistorisk landskap in Norway
Landskapet inngår i kambrosilurbygdene rundt Mjøsa og Randsfjorden og er prega av vide, bølgjande sletter og slake åsar. Nemninga «kambrosilurbygdene» kjem av at området har mykje kambrosiluriske bergartar som lett forvitrar og skaper næringsrik morenejord. Dette jordmonnet er svært gunstig for jordbruksdrift. Busetjinga i landskapet går tilbake til yngre steinalder. Funn rundt Lena og Hoffsvangen vitnar om at dette var eit viktig politisk og økonomisk sentrum i jernalderen, og fleire gardar har vore svært velståande. På garden Gile er det eit gravfelt med over 90 gravminne, der det er gjort ei mengd gjenstandsfunn. Særleg er funna frå romersk jernalder (0–400 e.Kr.) spektakulære, både når det gjeld mengd, konsentrasjon og type kulturminne. Det er òg rike funn frå vikingtida. Rune- og biletsteinane frå Alfstad, Stabo og Gile stadfestar at området hadde ein sentral posisjon i yngre jernalder. Også dei to steinkyrkjene frå mellomalderen på Hoff og Balke er uttrykk for dei rike ressursane i området. Dei viktigaste spora frå jernalderen er funne oppe på terrengryggen frå Stabo, via Alfstad og Lillo, Hoff og Gile og ned til Balke og Dyren. Dette området ligg noko tilbaketrekt frå Mjøsa. Funn tyder på at arealet langs innsjøen i mindre grad var prega av sentralgardar med makt i jernalderen. På 1700- og 1800-talet etablerte fleire offentlege tenestemenn seg i området, med inntekt frå
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 60.69°N, 10.89°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.