Filefjell vest

Kulturhistorisk landskap in Norway

Vegkryssinga over Filefjell har vore særs viktig for handel og samkvem mellom aust og vest, og har ei svært lang historie. I området ligg det fleire generasjonar med vegstrekningar. Vi finn spor etter den gamle Allmannavegen (tjodgata), Den Bergenske postveg, Den Bergenske kongeveg, Den Bergenske hovedvei, den første riksvegen og dagens E16. Området har såleis ei unik samling av veghistorie over eit langt tidsrom. Mellom Maristova og Kyrkjestølen ligg den lengste originale Kongevegstrekninga som er igjen mellom Lærdalsøyri og Øye. Vegen er del av den Bergenske Kongeveg og er den første køyrevegen over Filefjell, bygt i perioden 1791 til 1793 og den første offentleg finansierte køyrevegen mellom aust og vest. Filefjell var den kortaste, lågaste og minst vêrharde strekninga mellom Austlandet og Vestlandet. Det er funne spor etter ferdsel tilbake til steinalderen. Arkeologiske funn viser at det var ein fast ferdselsveg her alt i jernalderen og at det då var fast busetjing her. Området er rikt på førhistoriske kulturminne attende til steinalderen. Tyngda av kulturminna er likevel frå vikingtid og mellomalder då det var omfattande ferdsel og jernvinne på Filefjell. På Kyrkjestølen, på Vangssida finn vi tuftene etter St. Thomaskyrkja, ei stavkyrkje bygd på det som truleg var ein marknadsplass der folk frå Sogn, Voss, Valdres og Gudbrandsdalen møttest årleg. Med Gulatingslova vart fer

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
61.14°N, 8.03°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.