Strendene i Vik
Kulturhistorisk landskap in Norway
Dei fleste gardane ligg i eit ope fjordlandskap der bratte fjell stig opp bak gardsbruka. Finnabotn skil seg frå resten av fjordlandskapet i området som er eit avgrensa landskapsrom der fjorden er omkransa av bratte og høge fjell. I heile området er det spor etter korleis menneska har tilpassa landskapet slik at ein kunne livnære seg her. Gardane hadde gjerne fleire stølar. Nokre av fjellstølane ligg langt frå garden. Gardsbruka hadde fleire ulike inntektskjelder som til saman skapte eit livsgrunnlag. Det var mellom anna vedhogst for sal, laksefiske i fjorden og pelsdyroppdrett. I dag er turismen ei ny inntektskjelde som også set spor i landskapet. Menneska har brukt dette området i svært lang tid, noko gravrøysa på Kalvhageneset ved Ålrek og gravhaugane ved Sylvarnes og Vollevik er synlege spor etter. Det er òg gjort funn som tyder på busetnad til bake til steinalderen på Geithus. I fjellet er det spor etter stølstufter som kan gå langt tilbake i tid. Folk på Strendene er avhengige av båt for å kome seg til andre stader. Mellom gardane, innmarka, utmarka og stølsområda er det eit nett av stiar og gangvegar. Enkelte av dei er mura opp i det bratte terrenget. Dei til dels høge og omfattande vegmurane er med på å skape det særprega kulturlandskapet. Den vertikale driftsstrukturen i området er svært godt bevart og lett lesbar i landskapet. Nokre av gardstuna ligg tett på fjorden,
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 61.06°N, 6.27°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.