Hjørundfjorden

Kulturhistorisk landskap in Norway

Hjørundfjorden er omkransa av høge, bratte fjell, som vekslar med slakare sidedalar. Kulturlandskapet langs Hjørundfjorden og Norangsdalen er prega av beitemarker og lier med varmekjær lauvskog. Dei bratte fjellsidene innetter fjordløpet har berre gitt plass til få og spreidde gardsbruk på landtangar og i hellingar. I dei grøderike sidedalane Bondalen, Skjåstaddalen og Norangsdalen ligg gard etter gard opp etter dei flatbotna, u-forma dalføra; med høge fjell på kvar side. Dei rike fjellbeita som finst her, gav grunnlag for varig og stabil busetjing. Dal- og strandsidene langs Hjørundfjorden inneheld mykje skredjord, som er næringsrik og gir gode vokstervilkår for gras. I dei nedre delane av sidedalane er jorda ofte skrinnare, med mindre mold og meir grus og sand. Her er heller ikkje så mange fonntrygge stadar å finne. Under slike tilhøve måtte gardstuna plasserast med omhug. Det beste var om gardstunet kunne liggje høgt og fritt i terrenget. At staden var solrik hadde særleg mykje å seie, då sola mange stadar er borte i vekevis om vinteren. Slike topografiske avgrensingar gjer det rimeleg å tru at tunskipnaden i dag er temmeleg lik slik han opphaveleg var. Langs Hjørundfjorden er det spor etter gardsdrift langt tilbake, ikkje minst på vestsida av fjorden. Ved Store-Standal finst spor etter ard, som kan knytast til jordbruk i førhistorisk tid. Dyrkingsflater avdekt på Sæbø, tyde

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
62.19°N, 6.55°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.