Edøyfjorden og Sør-Smøla
Kulturhistorisk landskap in Norway
Smøla kommune består av ei stor øy, «Fast-Smøla», og ein skjergard med meir enn 6 000 mindre øyer, holmar, skjer og båar; dei såkalla «smulane». Desse finn ein sør og vest i for Fast-Smøla, og desse har gitt kommunen namn. Ut mot Gripen, der Trondheimsleia møter havet, er farvatnet ureint, og gjennom tidene har det vore ei rekke skipsforlis her. Edøyfjorden, som er eit reinare farvatn, bind Kuli, Edøy og Solskjelsøya saman. Hamnene ligg strategisk plasserte mot leia. Edøy og Kuløy skil seg ut frå resten av Smøla ved at berggrunnen består av konglomerat av sandstein, som har gitt grunnlag for betydeleg jordbruksareal med sjølvdrenert sandjord. Kystlyngheier, forma gjennom lang tradisjon med beiting og sviding, pregar landskapet på fleire av øyene og holmane. Det er eit småskala jordbrukslandskap, der flekkar av dyrkbar jord ligg mellom bergknausar og store myrområde. Området er nesten fritt for trevokster. Frå gamalt av har mykje av utmarka kring Edøyfjorden vore nytta til utmarksbeite og til viktige attåtnæringar, som fuglefangst og sanking av egg og dun; noko mellom anna stadnamna her vitnar om. Namnet Edøya kjem til dømes av edder, ærfugl, og på naboøya Kuli er det funne spor etter fuglefangst frå yngre jarnalder. Vi finn steinalderbusetnadar fleire stadar på Smøla. Her finst spor etter åkerbruk frå før-romersk jarnalder, mensteingjenstandar kan tyde på at det var jordbruk på
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 63.27°N, 8.02°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.