Stadlandet
Kulturhistorisk landskap in Norway
Det vêrharde Stadlandet strekkjer seg som ein knyttneve ut frå land og deler Stadhavet i to. Bratte klipper går ned til sjøen. På sjølve platået er landskapet meir flatt og trelaust. Vikene som skjer seg inn i halvøya gav grunnlag for tidleg busetjing. Gravfunn viser at her har det vore gardsdrift sidan eldre jernalder. Busetnaden er i hovudsak lokalisert til dalføra med flat, vid dyrkingsjord og i bratte bergskòrer ved havgapet. Mange av grendene har godt bevarte landskap og eldre bygningsmiljø, slik som Fure, Liset, Drage, Hoddevika, Ervik, Honningsvågen og Tungevågen. Heiane er i hovudsak samansett av platåmorene og torvmyr. På dei høgareliggande delane dominerer terrengdekkande myr, med djupne på ein til to meter. Strandvollar og sandstrender er eit anna særtrekk. Vi finn tydelege strandvollar i Honningsvåg, Hoddevik og Ervik. I Hoddevik og Ervik er strandvollane dekka med flygesand og her er aktive sanddyner. Gardsbruka er typiske kombinasjonsbruk med landingsplassar, båtstøer og naust, åkerareal, innmarksenger og utslåtter, heimestølar, beitemark i fjellet, torvmyrer, lyngsankingsområde og jaktområde. Stadhavet er eit av dei farlegaste strekka langs Norskekysten og det har alltid vore forbunde med fare å krysse det. På begge sider av Stadlandet var det naudhamner der båtar kunne vente på godt nok vêr til å passere. I eldre tid var det også vanleg å trekke båtar over Drags
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 62.13°N, 5.22°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.