Geirangerfjordområdet
Kulturhistorisk landskap in Norway
I nord, sør og vest vert landskapet gjennombora av fire fjordar: Norddalsfjorden, Tafjorden, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. I sør og søraust er landskapet innramma av høge fjellmassiv som set det fysiske skiljet mellom vest og aust. Dei fire fjordane er djupe og reine, omgitt av bratte hamrar som vekslar med slake lier. Storfjorden har gjennom tidene vore den viktigaste sambandslina mellom kysten og indre Sunnmøre. Omgitt av bratte fjell og tronge dalar, var fjorden også ofte den einaste ferdsleåra for dei som budde og levde her, ikkje minst på vinterstid. Det var kløv- og rideveg over Geirangerfjellet til Lom i Gudbrandsdalen og mellom Eidsdalen og Geiranger, men fjorden var vegen som batt folk i hop, og færingen var det viktigaste framkomstmiddelet. Ein og annan stad langsetter fjorden, der det var rimeleg flatlendt og skredsikkert, vart det rydda jord og sett opp våningshus, fjøs og naust. Andre fann fram til plassar lenger oppe i fjellsida, gjerne på hyller der terrenget var slakare. Herifrå var det som regel også kort veg til utmark og fjellbeite. Gardstuna ligg ofte ulendt til, og er enklast å nå med båt. Husa er i dag fråflytta, men mange av dei vert framleis teke godt vare på, og nytta som fritidsbustadar. Gardane har ei historie som går langt tilbake i tid. Sommaren 2018 vart det gjort arkeologiske undersøkingar på nokre av fjord- og hyllegardane langs Storfjorde
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 62.18°N, 7.28°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.