Tysselandet og Leitet

Kulturhistorisk landskap in Norway

Den nordlege delen av området er eit ope fjordlandskap, der fire embetsmannshus ligg på rad med utsikt over fjorden. Ved fjorden ligg naust og sjøbuer som høyrde til gardane og var viktige for kommunikasjon og handel. Herskapshusa finn vi på Tysse, Leite, Fagervik og Badeneset. Dei fleste er bygde i første halvdel av 1800-talet og var opphavleg omgitt av tidstypiske hageanlegg. I dag finn ein spor etter desse hageanlegga ved alle husa, tydlegast i form av eldre store tre. Alle husa rettar seg mot fjorden, som var hovudferdselsvegen på den tida, og ligg vakkert til i landskapet. Den best bevarte av desse eigedomane er garden Tysse. Tysse har røter som storgard tilbake til 1300- talet. Anlegget slik vi ser det i dag vart bygd av Nils L. Landmark. Han vart sorenskrivar i Sunnfjord i 1809 og flytta då hit. I dag vert tunet kalla Lillingstonheimen etter den engelskepresten og språkgranskaren, Claude Lillingston som kjøpte garden i 1880. Familien Landmark var svært opptatt av jordbruk og å spreia kunnskap om moderne driftsmåtar til bøndene i området. Landmark var ein føregangsmann for modernisering av landbruket. Han bygde opp garden til eit mønsterbruk og la mykje arbeid i å plante frukttre og andre hagevekstar. Han sette òg i gang med skogplanting. I fleire år vart anlegget drive meir som ein jordbruksskule og fleire unge bondegutar fekk her ei kort opplæring i landbruk. I same opp

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
61.34°N, 5.27°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.