Aurlandsdalen frå Østerbø til Vassbygdi
Kulturhistorisk landskap in Norway
Denne delen av Aurlandsdalen viser samspelet mellom den mektige naturen, fjellgardane og den gamle ferdselsvegen. Øvst i området er dalen open, men smalnar inn vestover. Ved Øyestølen skjer dalen seg etterkvart kraftig ned i fjellmassivet før han igjen vert meir open mot Vassbygdi. Her gjekk den kortaste av dei gamle ferdselsrutene mellom Austlandet og Vestlandet. Han var mykje brukt som drifteveg. Den flotte vegtraseen gjennom Aurlandsdalen, der Austlandet møter Vestlandet byr på alt frå goldt steinlandskap til frodige djupe dalar. Traseen er i dag ei historisk vandrerute og det frivillige laget Venner av Aurlandsdalen gjer ein stor innsats med skjøtsel av kulturlandskapet i dalen på dugnad. Aurlandsdalen vart besøkt av fleire kunstnarar. Johannes Flintoe sitt måleri «Bjønnestivarden» frå 1820 gjorde dalen kjend for eit større publikum. Aurlandsdalen vart etter kvart eit mål for turistar og er i dag ei av dei mest kjende vandrerutene i landet. Høge fjell omkransar den smale dalen med fleire mindre sidedalar. I dalbotnen renn Aurlandselvi. Landskapet er dramatisk og vakkert, men har vore utfordrande å ferdast og bu i. Rasvifter og kampesteinar fortel om naturfarane. Mange stader er det bratte stup frå stien og ned til elva, andre stader er stien lagt tett på elva. Små gardsbruk ligg der det har vore mogleg å rydde nok jord til å livberge seg, i hovudsak høgt oppe i dalsidene. D
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 60.85°N, 7.43°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.