Lærdal

Kulturhistorisk landskap in Norway

Dalføret er karakterisert av grender og gardsbruk som ligg langs Lærdalselvi og E16. Dalen er omkransa av høge, bratte fjell, med sidedalar som munnar ut i hovuddalen. I nedre del er det vide elvesletter og nokre grusterrassar over sletta. Etter Saltkjelen og oppover blir dalen trongare og med mindre jordbruksareal. Raskjegler ligg mellom innmarka og fjellet. Ferdselshistorie og jordbruksstrukturar med eit tidsspenn frå yngre steinalder/bronsealder til notid er to raude trådar i landskapet. Her er spor etter jordbruksdrift tilbake til yngre bronsealder og buplassar meir enn 8000 år tilbake. Lærdal har særs godt klima for jordbruk. Jordbruket har i dag element frå både den gamle tradisjonelle drifta og moderne drift. Den lange bruken av dalen som ferdselsveg mellom Aust- og Vestlandet set òg preg på landskapet. Areal til oppdyrking har vore avgrensa. Tidlegare var randsona mellom innmarka og fjellsidene viktige produksjonsareal, der m.a. husmannsplassane låg. Landskapet er ein mosaikk av kulturar som ein knapt finn andre stader. I heile området finn vi busetjingsspor, gravfelt, gravhaugar, dyrkingsspor og rydningsrøyser. Desse er i hovudsak lokaliserte nær dagens gardstun med bygningar frå 1700-talet og framover. Området er i dag prega av landbruket etter utskiftinga frå slutten av 1800-talet til godt opp på 1900-talet. Hovudvekta ligg på dyrking av grønsaker, frukt og bær i ned

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
61.06°N, 7.69°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.