Strynefjellet vest
Kulturhistorisk landskap in Norway
Strynefjell er eit storslege landskap med fleire fjellparti og dalar. Det er store kontrastar mellom det frodige jordbrukslandskapet nede ved Oppstrynsvatnet og det villare fjell-landskapet. Ei reiseskildring frå ei reise over fjellet til Skjåk ca.1860 skildrar landskapet slik: «Hjelle så ut til å være et lite sted, eneståaende vilt og øde... Nå begynte en kjøretur uovertruffen i storslagenhet og prakt gjennom en vill og trang dal.» «Dalen ble mer og mer ensom og øde etter som vi kjørte oppover, stadig oppover... Kolossale fjell av enhver form og fasong, ville forrevne og mørke, løftet seg på begge sider av dalen. Buskaset som hadde satt sitt preg på den nedre delen av dalen, forsvant, og alt ble øde villhet, ingen trær eller busker, ingen markblomster eller bregner syntes å vokse noe sted...» Skildringa er framleis svært treffande. Den største skilnaden frå 1860-talet til dagens landskap er dei to køyrevegane over Strynefjellet. Vegen over Kamperhamrane var den enklaste traseen frå Nordfjord over til bygdene nord på Austlandet og har etter alt å døme vore i bruk i over 1000 år. Den følgjer Hjelledalen og Sunndalen sør i området. Det mest krevjande partiet er opp Kamperhamrane. Driftene med dyr frå Vestlandet til Austlandet var ei viktig næring på 1800- og byrjinga av 1900-talet. Vegen over Kamperhamrane til Skjåk var ein mykje brukt drifteveg i Nordfjord. Driftene samla seg va
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 61.94°N, 7.27°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.