Nærøyfjorden

Kulturhistorisk landskap in Norway

Dette er eit dramatisk fjordlandskap omkransa av høge fjell. Vi finn spor etter førhistorisk fangst i fjella og etter jordbruksdrift tilbake til bronsealderen. Kjernen i området er Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden med strandsoner og lier utan større synlege tekniske inngrep. Gardsbruka er med på å prege landskapet langs fjorden, i dalføra og på fjellhyllene over fjorden. Skog er karakteristisk for delar av området, der lauvskogen dominerer dalføre og lier i heile området. Barskogen er òg eit tydeleg innslag. Fjellområda som vert toppa med store fonner og bremassiv går opp i over 1700 moh. På fjellryggane ved Fresvikbreen ligg det fleire stupfangstanlegg for rein. Anlegga er store og omfattar faste installasjonar som sperregjerde, murar, bogesteller, slakteplassar og kjøtgøymer. Fjorden har vore reiseveg og livsnerve. Dei få stadene der det har vore mogleg, har ein hatt busetjing i lang tid, noko som gravhaugar og -røyser langs fjorden vitnar om. Vi finn små tettstadar som Undredal og Gudvangen der busetnaden er samla nede ved fjorden og tilgjengelege ressursar er nytta innover i dalen og på fjellet. Ein har heilt fram til i dag hausta fôr på teigar som ligg lenger vekke, og bruk av båt har vore viktig for å kome til desse ressursane. Det er framleis synleg teigar på det vi i dag oppfattar som heller utilgjengelege stader. På mindre flater ved fjorden ligg det òg enkelte gardar,

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
60.93°N, 7.02°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.