Lustrafjorden

Kulturhistorisk landskap in Norway

Dette er eit klassisk fjordlandskap der fjorden er omgjeven av høge fjell. Samspelet mellom den dramatiske naturen og dei busette områda med gardsdrift er karakteristisk. Ved Ornes skifter fjorden retning og neset er eit markant element i landskapet der det strekkjer seg langt ut og er synleg i heile området. Den karakteristiske lyse fargen på fjorden er ei fylgje av brevatnet som renn ut i han. Fleire dalføre munnar ut i fjorden, og der landskapet flatar noko ut ligg gardsbruka. Eit karakteristisk trekk er dei store gardane der fleire framleis er i drift. På Ornes ligg verdsarvstaden Urnes stavkyrkje og området femner heilskapen som omgjev stavkyrkja. Terrenget på Ornes stig regelmessig opp mot flata der stavkyrkja er plassert. Her frå stig terrenget vidare bratt oppover til omlag 930 moh. Landskapet på Ornes er ein mosaikk av innmark med produksjon av gras, bær og frukt, samt busetnad og skogkledd utmark. Busetnaden og innmarka ligg på dei flatare partia, samt på vest- og sørsida av neset. Stavkyrkja låg tett på garden Urnes, og var synleg på god avstand i det som tidlegare var eit ope jordbrukslandskap. Utskiftingskartet frå 1865 viser plasseringa av kyrkja rett nord for tunet der ho heva seg over bygningane i tunet. Kyrkja var truleg ei høgendekyrkje. Det vil seie at ho høyrde til garden Urnes som i mellomalderen var ein mektig gard. Det store tunet var plassert sør og aust

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
61.30°N, 7.43°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.