Hyllestad
Kulturhistorisk landskap in Norway
Området rundt Åfjorden er eit ope fjordlandskap omkransa av låge avrunda fjell. I aust deler fjorden seg i Hyllestadfjorden og Sørefjorden. Dei to fjordarmane er skilde av det langstrakte karakteristiske Katleneset innerst i fjordbotnen der kommunesenteret Hyllestad ligg. Lihesten skil seg ut som eit viktig landemerke. I strandsona og inne i dei små dalane og vikene ligg ei rekkje eldre gardsbruk. Menneska her livnærte seg i hovudsak av jordbruk og fiske, i tillegg til kvernsteinsproduksjonen. I Hyllestadvikja, nord for dagens sentrum, ligg det gamle sentrumet med eit heilskapleg og særprega bygningsmiljø med naust, sjøbuer, dampskipskai og fleire eldre bustadhus. Mykje tilgang til granatglimmerskifer saman med gode forhold for utskiping og transport gjorde området godt eigna til produksjon og eksport av kvernstein. Granatglimmerskifer er ein skifrig, mjuk stein full av harde granatar, veleigna til kvernstein. Produksjonen av kvernstein i Hyllestad har ei tidsdjupn på 1300 år med spor etter aktivitet frå 700-talet og fram til 1930-talet. Det vart i hovudsak laga to typar, handkvernstein og vasskvernstein. I mellomalderen vart det òg laga steinkrossar. Fleire bevarte steinkrossar på Vestlandet frå 900- til 1200-talet skriv seg frå Hyllestad, mellom anna to i Eivindvik og tre i Hyllestad. Steinkrossane var truleg spesialbestillingar frå mektige kundar. Det er òg funne spor etter
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 61.20°N, 5.20°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.