Høyanger
Kulturhistorisk landskap in Norway
Høyangsfjorden er omkransa av høge fjell med bratte sider. I fjordbotnen ligg tettstaden Høyanger med kraftverk og industrianlegg. Frå tettstaden går Dalsdalen innover med Daleelva i botn. Oppe på fjella er det ei rekkje større og mindre vatn, og opphavleg var det fleire fossar ned til dalen. Før 1916 var dette eit tradisjonelt jordbrukslandskap der gardane låg nede i dalen, ved fjorden eller på hyller oppe i fjellsida. Ved fjorden var det tre gardar og det budde om lag 120 menneske i området. Drifta av gardane var den tradisjonelle for Vestlandet med ein vertikal driftsstruktur med utstrekt bruk av fjellområda til beite, stølsdrift, jakt og fiske. Med utbygginga av kraft- og industrianlegga i Høyanger endra landskapet seg både ved fjordmunningen og oppe i fjella. Infrastrukturen til kraft- og industriutbygginga førte med seg synlege røyr¬gater, kraftlinjer, trapper, trallebaner, vegar, stiar, dammar, brakker og andre tekniske installasjonar. Ein del av den gamle bruken av landskapet forsvann. Med oppdemming av vatna vart fleire stølsvollar sette under vatn og ein måtte flytte stølsdrifta til andre stadar i fjellet. Nokre frie fossefall forsvann. Ein del av gardsdrifta vart vidareført, i hovudsak oppe i liene og innover Dalsdalen. Fjella vart framleis nytta til beite, støling og til jakt og fiske for bøndene. Hovudtrekka med den smale fjorden og dei bratte fjella er som før, me
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 61.24°N, 6.13°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.