Hove og Hopperstad
Kulturhistorisk landskap in Norway
Området viser dei lange linjene i utviklinga av ei rik jordbruksbygd på Vestlandet frå jernalderen og mellomalder, via det tradisjonelle jordbrukslandskapet etter utskiftinga og til dagens moderne jordbruks landskap. På terrassane finn vi vide og lettdrivne areal som var godt eigna for jordbruksteknikken i jernalderen og mellomalderen. Det er spor etter jordbruk tilbake til eldre jernalder og landskapet er rikt på kulturminne frå eldre jernalder og fram til i dag. Gravhaugane på Moane, Hopperstad stavkyrkje, Hove steinkyrkje og Tenold stavkyrkje (som er borte) vitnar om staden som eit politisk og religiøst maktsentrum i jernalderen og mellomalderen. Vik er den ytste av dei større jordbruksbygdene langs Sognefjorden. Bygda låg godt til for ferdsel over fjellet til Voss og på fjorden. Straum- og vindforhold i Sognefjorden kunne bidra til å tvinge skip på veg inn fjorden over mot Viksida. Her hadde ein ei særleg god strategisk plassering for å kunne fungere som eit maktpolitisk tyngdepunkt. I løpet av yngre jernalder/vikingtid hadde ein sannsynlegvis stor produksjon av våpen og reiskap som har vore med på å skape den velstanden som vi kan sjå i gravene frå denne tida. Funn i ei av kvinnegravene på Hopperstad viser til kontakten med Europa, og kan tolkast som ein ekteskapsallianse med ein irsk familie. Også andre funn i området vitnar om god kontakt over Nordsjøen, enten i form av
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 61.07°N, 6.57°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.